Vin til vatn

Wine into waterspotify ikon

Det hender at eg ber om ting eg treng
I dag eg ber frå djupe sotteseng
Eg maktar ikkje gå den tunge veg
Denne krigen vinn eg ikkje utan deg

Eg har sunke så djupt som nokon mann kan gå
Eg kryp på kne for dine føter
I ein hard disiplin
Du gjorde vatn om til vin
No eg ber deg dra ein hare opp or hatten
Vil du hjelpa meg å gjera vin til vatn

Dei næraste eg såra mang ein dag
Det røynde når dei såg kor vegen bar
Dei støtta meg men såra vil´kje gro
Om ikkje du tek flaska frå meg no

Eg har sunke så djupt som nokon mann kan gå
Eg kryp på kne for dine føter
I ein hard disiplin
Du gjorde vatn om til vin
No eg ber deg dra ein hare opp or hatten
Vil du hjelpa meg å gjera vin til vatn

Eg knytta neven mot deg for mitt helvete på jord
No ber eg om mirakelet gom tilgjer mine ord

(For)
Eg har sunke så djupt som nokon mann kan gå
Eg kryp på kne for dine føter
I ein hard disiplin
Du gjorde vatn om til vin
No eg ber deg dra ein hare opp or hatten
Vil du hjelpa meg å gjera vin til vatn

Originaltekst skrevet av T. Graham Brown, utgitt 1998

tgb wine

Høyst relaterbar tekst om Kong Alkohol og indre demoner, for de av oss som har sett dette på nært hold.