Tenk deg

Imagine spotify ikon

Tenk deg at himmelrommet
Var berre sol og sky
At Domens Dag finst ikkje
Berre mongongry
Om alle folk i verda
Lever for i dag

Tenk, ingen landegrenser
Ingen religion
Å drepa eller døy for
Og ingen eigendom
Om alle folk i verda
Berre vil ha fred

Du
Du kan seia at eg drøymer
(Men) det gjer ikkje berre eg
Eg vonar du ein dag vil følgja
-At me alle går på same veg

Om grådigheit var borte
Og ingen hunger rår
Eit brorskap til for alle
Ei verd kor alle får
Kan du se for deg dette
Kan du se det du?

Du
Du kan seia at eg drøymer
(Men) det gjer ikkje berre eg
Eg vonar du ein dag vil følgja
-At me alle går på same veg

Originaltekst skrevet av John Lennon, utgitt i 1971

lennon