Rundt i kring meg ser eg heimen falla ned
Ei elv av tårer gjev meg ikkje fred
Når motet sviktar, handa mi du held
Eg treng deg no når dagen går mot kveld
Du dreg meg opp som månen sjøen flør
Du veit kor hen det beste i meg grør
Når dagar kjem og held deg i frå meg
Eit lovnadsbrot, eit hjarta knust av deg
Ei trøystetaus er ikkje det som gjeld
Eg treng deg no når dagen går mot kveld
Når natta kjem er du alt det eg treng
Vi deler alt, frå løyndomar til seng
Eg ser deg når du gata går i lag
Kom til meg du og kjenn mitt linne drag
Eg lever for ei natt eg står i gjeld
Eg treng deg no når dagen går mot kveld
Eg treng deg no når dagen går mot kveld
Original skrevet av Richard Thompson og utgitt 1975. Covret av mange artister, mest kjent kanskje Bonnie Raitt, Emmylou Harris og Alison Krauss.