Bøn

Prayer in open D

Mi sjelesorg er som eit gjel
Over alt som eg har slått ihjel
Lik ljomen frå eit torevêr
Som over himmelkvelven fer
Og mørke skuggar i mitt sinn
Dei har eg sjølve lete inn
Og frosten i mi valne sjel
Vil ikkje tina om eit bel

Den svarte elva i mitt blod
Ho går so stri, finn inga ro
Og over den går inga bru
Og inga høve til å snu
I mørke natta ned ho fer
Der kor mine klagemål eg bær
Dei bitre tårer på mitt kinn
Let elva aldri tørka inn

Og borte er kvart fotefar
Som synte meg kor vegen bar
Mi bør eg bær med tunge steg
Eg går her, einsam på min veg

Men i ein draum har eg fått sjå
Ein veg som eg vil vandra på
I hjarta veit eg kor han går
Tek meg frå vinter til ein vår
Gjev at eg snart vil finna mot
Og finna feste for min fot
Kan hende vil eg finna svar
Og setja nye fotefar

Original skrevet Emmylou Harris, utgitt på «Cowgirls Prayer» i 1993.spotify ikoneh cowgirls prayer

Dette er første sangen jeg oversatte til nynorsk for over 30 år siden og er nok kanskje min personlige favoritt.